Saturday, October 27, 2007

Gatekunst




De fire fórste er fra São Paulo. Resten er fra Lisboa.
Venstre:
Mye politi
Lite rettferd









Venstre:
Jeg tar abort
Du tar abort
Hun tar abort
En rettighet
Et valg!

Friday, October 12, 2007

Bildeoppdatering II


Bildene er tatt av Kine Skogàs Fristad. Takktakk!















Estudantes da Geografia: Unidos vêm serémos!























Bildeoppdatering





Venstre: Hele familien er med naar MST kjemper.


Venstre: "Leve feminismen":Bildet fant jeg paa en stand for utveksling til USA. Kulturutveksling paa sitt beste.

Ventre: Brasil hyller sin voldstradisjon paa nasjonaldagen.
















Fra bosettingen.

Med dei tøffaste bøndene i by'n

Skrevet av Siri Helle, toliveindiscontent.blogspot.com. Takktakk!



24. september mobiliserte de Jordløses bevegelse til politiske markeringer i hele landet. Den nasjonale mobiliseringa til MST begynte som ein fest. Kjenner du munnhellet om latinos som alltid møter opp ein time eller tre for seint? Det er herved tilbakevist. I bosetninga Patria Livre møter dei i alle fall opp åtte timar før avreise. Må jo rekke å danse fyrst!

Eg inntar ein litt passiv haldning på sida av lokalet. Har verkeleg ikkje peiling på kva eg kan vente meg no. Tør eg håpe på noko fantastisk? På massevis av folk i gatene, folk i raudt, som går under det same flagget, ropar dei same ropa. Tør eg håpe på ekko i husveggane?

Vi reiste til Florianapolis med to hovudkrav: Legalisering av alle okkupasjonsleirar i Brasil, kor det i dag bur 150 000 familiar, og ei endring av den økonomiske politikken i landet. Tidleg, tidleg om morgonen mandag 24. september lasta vi av potetene, madrassene og gasskomfyrane våre utanfor møtesalen til delstatsparlamentet i Santa Catarina. Vi hadde fått vite at vi skulle sove på ein Offentleg stad, men dette var kanskje litt meir enn vi hadde rekna med likevel. Etter litt diskusjon med politiet fikk vi lov til å bli, og to – tre hundre MST-aktivistar spreidde flatsenger utover det blankpoler te steingolvet i myldrearealet. Det såg mykje meir heime ut med det same.

Den fyrste marsjen
Etter morgonkaffi, eit par møter, oppkvikkande talar og tørrtrening på kamprop var det klart for dagens fyrste marsj. Og då meinar eg marsj. Burde ha visst det, har sett det på bileter, men blei likevel overraska over oppstillinga i to rekker, ein meter mellom, flagga vendt innover. Ulike land, ulike skikkar, antar eg. Artig var det no lell. Vi gikk til sekretariatet for storgods, sola skein, stemmene bar og folk glodde. Vel framme stilte vi oss på trappa, TV kom og vi sang, og vi leverte krava våre til dame som jobba der. Ein liten del av ein mykje større kampanje. MST hadde aksjonar i 10 stater den fyrste dagen, blant anna blei jordfordelingsmyndigheiten INCRA okkupert fleire stadar.

Dei to hovudkrava var vidare spesifisert i 17 konkrete krav om alt frå mjølkestandardar til kulturtilbod i busetnadane. Målet med mobliseringa var likevel ikkje å oppfylle alle krava, då hadde vi nok sutte der enda. Målet var å innleie forhandlingar med regjeringa, og allereie den fyrste kvelden såg det lyst ut. Kanskje kunne vi reise heim før vi hadde tenkt? Men ville vi no eigentleg det?

INCRA
Dagen etter var det ny marsj. No var det jordfordelingsmyndigheiten INCRA som var målet også i Florianapolis, men sidan det allereie hadde vore okkupert skulle vi berre markere oss litt. Hovedpoenget med dagen var at vi hadde fått taletid i Delstatsparlamentet seinare på dagen. Men fyrst var det altså å stille seg opp i rekker att. Etterkvart kom det ein bil med anlegg og høgtalarar, det hjelp alltid på: litt dans og sang medan vi hang utanfor INCRA-kontoret hjalp på stemninga i midt på dagen-varmen. Byråkratane på kontoret såg ikkje veldig overraska ut – det var nok heller ikkje fyrste gongen gata utanfor arbeidsplassen deira var fylt opp av røde flagg og tilsvarande farga capsar.

Men altså: snakke for delstatsparlamamentet. Santin fekk æra av å gjere det. Poenget var visst ikkje snakkinga så mykje likevel, men at nasjonalt TV var der. Dei intervjua til og med oss! Petter og Kine fekk sei på engelsk at vi var frå Noreg og støtta MST. Vi veit ikkje om det kom på TV, men uansett er det visst ikkje så ofte nasjonalt TV dekkar MST på eige initiativ. Internasjonal støtte skadar ikkje!

Mot huset til guvernøren
Sa eg at det viktigaste denne dagen var møtet? Då må eg visst ha gløymt demoen med 2000 – 3000 fagforeningar vi gikk i på kvelden. Fagforeiningane til offentlege helsearbeidarar hadde delstatsmøte i Florianapolis og markerte motstand mot privatisering og trygdereform med ein demonstrasjon utanfor huset til guvernøren.

No var det og slutt på å gå på linjer, noko i alle fall eg satte pris på. Artigare når ein kan rusle litt rundt og kjenne på stemninga og svinge fritt med flagga.

Så fekk vi sett Brasil sitt terrorpoliti og. Dei var skumle. Med finlandshetter og AG3 og ellers god polstring stod dei oppstilt langs vegen, samt køyrde forbi i opna bilar. Terrorpoliti mot sjukesystrer. Vi kunne ikkje la vere å la oss provosere litt, men passa på at dei ikkje såg det. Men tenk på kva det kostar! Terrorpoliti er ikkje billeg. Vi stod utanfor huset til guvernøren i ein halvtimes tid og holdt nokre appellar. Kva trudde dei?!

Men eg skal ikkje la politet føre til at eg bagatelliserar. Det var veldig, veldig fint å vere der, og føltes rett og riktig og viktig på alle måtar. Når dei til og med hugsa oss (den norske brigade) i appellane var tårene nær. Det var skumring, det var flagg, det var grønt terror-lys fra huset til guvernøren, det var akkurat passe vind til at flagga blafra. Det var slik det skulle vere.
Etter dette drog vi heim, men det var heilt i orden. Vi var mette uansett. Og ja; eg hadde høyrt ekkoet.